Sommardansen 2019 veke 33.

Det byrja å nærme seg Sommardansen 2019. I høve dette vil vi informere dykk om kva som vil skje under veka, og gje dykk litt praktisk informasjon.

Sommardansen vil ha fokus på danseglede og samhald. Det vil vere varierte dagar der elevane lærer om koreografi, lage eige kostyme, har ulike danseleikar og rytmiske øvingar. Sommardansen vert avslutta med ei framsyning for foreldre og venner.

Oppmøte og henting:

Måndag-Fredag kl.09.00-15.00

Levering og henting vil med unntak av fredag ettermiddag vere ved Førdehuset. Hugs å sørge for at instruktøren får registrert oppmøte. Dei vil vere godt merka. Om nokon skal gå heim sjølv, vert dette avtalt skriftleg i oppmøteskjema. Fredag etter førestillinga blir det henting etter framsyninga ved skywalken AMFI Førde sentrum.

Mat og drikke:

Det vert behov for mykje næring og drikke i løpet av ein aktiv dag. Elevane må ta med seg drikke og nistepakke. Vi byr på andre forfriskingar som saft og frukt utover dagen.

Avsluttande førestilling:

Det er alltid kjekt å syne kva ein har laga og lært, og vi avsluttar sommardansen med ei framsyning ved skywalken AMFI i Førde sentrum. Denne vert frå 14.30 - 15.00. Her er alle foreldre, besteforeldre, sysken, onklar og tanter osv. velkommen til å sjå. Eigen informasjon for dette vil bli delt ut til elevane og publisert på internett og som oppslag ved AMFI.

Bilete og sosiale media:

Vi ynskjer å profilere oss i sosiale media, samt lage plakatar for avsluttande førestilling. Dersom nokon vil reservere seg for å vere med på bilete, må ein hugse å krysse av for dette i oppmøteskjema.

Inndeling i grupper:

Vi vil dele elevane inn i grupper etter alder. Vi vil ta omsyn til at ein kjem på gruppe etter ynskje så langt det let seg gjere. Det er viktig for oss at alle skal føle seg trygge og teken i vare.

Oppmøteskjema:

Vi treng litt informasjon om dykkar born, kontaktinformasjon til føresette, samt ynskje og avtale for levering og henting. Det er difor viktig at alle fyller ut oppmøteskjema og tek denne med fyrste dagen. Skulle det vere behov for å endre på avtalen, må dette førast på skjema etter behov. Skjemaet finn du under - det må takast med til oppmøte måndag 12.august

Betaling:

1 veke per elev 850,-

Betal til konto nr 3705.36.84786og merk med eleven sitt namn.

Betaling må vere gjennomført før sommardansen tek til.

Kontakt oss ved behov:

Det vil alltid vere mogleg å ringe oss heile døgnet under sommardanse veka på fylgjande telefonnummer 99692300

I tillegg kan de ringe til instruktøren i kvar enkelt gruppe, telefonnummer ligger på nettsida vår under informasjon om veka.

Velkommen til Sommardansen 2019!


                                                               Oppmøteskjema

                                            Sommardansen 2019


Navn:_________________________________   Klasse:______________

Navn på føresette:_____________________________________________

Telefon nr.________________ e-post:_____________________________

Allergi/omsyn:________________________________________________

Avtale om henting:





(sett kryss)

____  Eg samtykke IKKJE til bilde på sosiale media.

____   Har betalt kr850,- per elev til konto 3705.36.84786.

Førde, ______/______ 2019


                                                   

                                                  _______________________

                                                                            Føresett

Sommardansen, 6812 Førde 
Alle rettigheter forbeholdt 
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang