Hei alle saman! No er vi snart klare for sommardansen 2019, vi gler oss veldig til å møte alle elevane. Under finn de informasjon om kva veka vil innehalde og litt praktisk informasjon.

Sommardansen held til på Førdehuset. Oppmøte kl. 09.00 og avslutting kl. 15.00 kvar dag på Førdehuset. På fredag vert sommardansen avslutta med ein framsyning for å syne kva elevane har lært denne veka. Elevane må hentas i skywalken på Amfi etter framsyninga. Ved oppmøte og registrering vil elevane få utdelt ei sommardansen t-skjorte. Det vert servert frukt og drikke kvar dag, men må sjølv ta med eiga niste. Det blir mykje aktivitet, så det er viktig å ta med rikelig med mat og drikke.

Danseveka vil innehalde dans inne og ute, leik, kostymelaging og andre kjekke aktivitetar. Det blir stort fokus på samhald og vi vil bruke tid på å bli kjent i gruppa. Ein får muligheit til å skape nye vennskap med ungdom frå ulike klassar og skular. Vi blir både ute og inne, så det er viktig å ha med kle etter været.

Vi er 13 instruktørar som har teke opplæring med eksamen, for kunne å undervise barn og unge innafor Dans Uten Grenser. Vi er instruktørar resten av året og jobbar mot ulike danse prosjekt. Vi er instruktørar mellom 14 og 17 år. Sommardansen får hjelp av foreldre og gode sponorar.

Vi har arrangørforsikring i Gjensidige og samarbeider med Amfi Førde.

Gruppene er aldersbestemte med maks 25 elever på kvar gruppe. Det er 2-3 hovudinstruktørar på kvar gruppe og foreldre som vil vere til stede i løpet av veka om det skulle vere noko. Under er oppsettet på grupper og instruktørar, her står også telefonnummera til instruktørane om ein vil ta direkte kontakt med dei.

Klasse (til hausten):             Instruktør:                    Tlf:

1. - 2. klasse                  Sara Viktoria Larsen             4807870

                                       Ida Therese Berge                95946922

3. klasse                         Ingeborg Hamre                  91828502

                                       Trine Gravdal Hornnes        46275028

                                       Eivor Bakke Grimeland        48259707

4. klasse                         Kristin Nødset                      96010509

                                        Aurora Frøyen                      97471335

5. klasse                         Guro Walle Marcinkowski    47645441

                                       Hedda Regine Berge              99205059

                                       Elise Myren                            94059620

6. - 7. klasse                 Sara Vik Søvde                       48143231

                                       Celina Rivedal                        95739125

                                       Hedda Førde Moen                40057803


Ta kontakt om det er noko de lurer på:

Guro Walle Marcinkowski - tlf. 47645441

Tomas Marcinkowski - tlf. 99692300


Det blir lagt ut eit skjema på Facebook og her på nettsida som kontaktperson må skrive under på, der ein kan gjere avtale om henting, om det er spesielle behov, samtykke til bilde på sosiale media og anna viktig informasjon. Ta med skjemaet ved registrering 12.august. Ein kan også fylle ut skjemaet ved registrering. Vi legg og med den viktigaste informasjon om veka på skrivet.

På slutten av danseveka vil det vere ei framsyning for familie og venner der elevane viser fram kva dei har lært i løpet av veka. Vi håper så mage som mogeleg vil møte opp og sjå alle elevane danse på Amfi kl. 14.30 - ca. 15.00. Elevane vil få meir informasjon om framsyninga i løpet av veka!

Kontaktpersonen skal ha mottatt ein stadfesting om eleven har fått plass. Betaling til konto nr. 3705.36.84786 og merk med eleven sitt namn. Betalinga må vere gjennomført før sommardansen tek til. Gjerne gå inn og skjekk at betalinga er riktig, med riktig beløp. Det er fleire som har betalt feil beløp eller enda ikkje har betalt.

Pris per elev kr 850,-


Velkommen til sommardansen!

Sommardansen, 6812 Førde 
Alle rettigheter forbeholdt 
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang