Overordna mål for veka:

  • La elevane få eit inntrykk av korleis prosessen er fram mot ei framsyning.
  • Bli trygge på seg sjølv i det å danse og vise for eit publikum.
  • Bli trygge på gruppa gjennom ulike aktivitetar.
  • Lære å skape uttrykk og følelsar gjennom dansen.
  • Og viktigast - ha det kjekt og kjenne på DANSEGLEDE!

Velkommen til sommardansen!

Sommardansen vil holde til ved Førdehuset. Det blir aldersbestemte grupper med maks 25 elevar på kvar gruppe. Det er kamp om plassane så vær rask med påmelding. Det vert 2 hovudinstruktører, og fleire hjelpeinstruktører. Dei skal leggje tilrette med rekvisittar, frukt/drikke, og er klar om noko uforutsett skulle skje, eller om nokre elevar har spesielle behov.

Vi er kvalifiserte danseinstruktører som ellers i året danser og har elevar i Førde, og med hjelp av foreldre arrangerer vi Sommardansen for å få fleire til å oppleve gleda med å danse og vere i ei gruppe med felles mål.

Vi har arrangørforsikring i Gjensidige.

Dansevekene vil inneholde dans inne og ute, leik, kostymelaging og andre kjekke aktivitetar.
Oppmøte og avslutning ved Førdehuset kl. 09.00-15.00 kvar dag. Elevane vil få servert frukt og saft, men må sjølv ta med eiga niste.

Ved oppmøte og registrering vil elevane få utdelt t-skjorte. Kontaktpersonene vil også få eit skjema med all informasjon om veka og kva som vil skje framover.

På slutten av danseveka vil det bli eit show for foreldre og venner.

Pris for 1 veke per elev 850kr

Vell møtt, håpar vi ser deg i sommar!



Kontakt oss for vidare informasjon

Vi svarer så fort som råd 

Sommardansen, 6812 Førde 
Alle rettigheter forbeholdt 
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang